Guri Idsø Viken kjem til Melamartnan laurdag 3. oktober for å fortelje om si nye bok; Utyske. Boka blir lansert 30. oktober, så vi er heldige som får høyre om boka frå forfattaren FØR boka kjem for sal. Dette må du få med deg!
Tekst kopiert frå Guri Idsø Viken si eiga facebookside.
Dette var eg så redd for ikkje å klare at eg berre sa det til nokon få, men no skjer det: EG HAR BOK I HAUST. Nærare bestemt 30. oktober.
Frå baksideteksten:
På garden Stormoen merker dei godt at det er krig. Tyskarane har tatt halve huset og styrer den store militærleiren i bygda frå finstova. Odelsjenta Synnøve er skeptisk, men mora oppmodar dottera til å gjengjelde interessa obersten Hugo viser ho.
Nedi vegen driv Sveinung sauegarden etter at faren døydde i bombinga av Namsos. Han blir stadig meir uroa av oppførselen til venninna Synnøve.
Sjølv kunne han aldri likt ein soldat, meiner han. Det er heilt til han møter Mario. Sveinung fell pladask. Og med det er begge ungdommane involverte med kvar sin tyskar.
Offiserane planlegg ei framtid med tysk industri i bygda. Men Tyskland er i ferd med å tape krigen. Farane rykkar nærare. Fleire er på sporet av Sveinung og Mario – og Synnøve søker desperat ein veg ut.
Utyske er ei stor forteljing om den umoglege kjærleiken mellom nordmenn og tyskarar under andre verdskrigen – uansett kven dei var.
—
Handlinga i boka er lagt til fiktive gardar i Overhalla, og trass i dramatisk handling, er ho fylt av kjærleik til Overhalla, Namdalsnaturen, Noregshistoria, dugnadsinnsats, landbruk og matproduksjon, sanitetsforeininger, laks, fugleliv, Berlin, Stockholm, Thomas Mann, pols, snus, potet, gravhaugar, skogakarar, lefse og kopplam. For å nemne noko.
Sjølve boka kjem 30. oktober, men eg blir veldig glad om du vil forhåndsbestille allereie no, så kan du få ho i posten, gjerne med personleg helsing.
Bestill boka her: https://bok.norli.no/utyske
Kom gjerne også på desse to arrangementa, der eg gir ein sniktitt på boka:
Laurdag 3. oktober på Melamartnan i Overhalla: https://fb.me/e/7y4ubEUqu
Fredag 9. oktober på Ord i Grenseland i Fredrikstad: https://ordigrenseland.no/program/kan-fienden-vaere-en-trost/
Og tusen takk til Eivind Holm Stoud Platou for nydeleg omslag. Det er eg aller mest nøgd med så langt. Ser du kva det er?

